Styrkeprøven Rett Vest
Styrkeprøven rett vest er ein tur som vert arrangert årleg og som går frå Gullbotn til Loddefjord. 5 mil og 3000 høgdemeter...
fakta
Dato
30.08.2008
Tid
10 timar 21 minutt
Avstand
44km
Høgde
2810m opp - 2970m ned
Rute
Gullbotn - Gullfjellstoppen - Redningshytta - Austefjellet - Slettegga - Livarden - Turnerhytten - Løvstakken - Damsgårdsfjellet - Lyderhorn - Kjøkkelvik skole
Bilder frå turen
Beskrivelse
Start var annonsert klokka 0730. Tidleg start på laurdagen med andre ord...
Eg køyrde til Gullbotn og parkerte på grusplassen tvers over for gjestheimen (eller kva det no er) og gjekk den knappe kilometeren til startpunktet ved ein garasje i retning Bergen.
Der stod det ein stor gjeng med turklare folk, og fleire kom med ikkje mindre enn tre bussar frå bydn.
Turklare og turklare. Eg stod der i ganske einsom majestet med fjellsko og full dagstursekk. Var ikkje mange, om nokon, andre slike å sjå. Mykje joggesko og cammelback å sjå. Om det egentlig er forsvarleg tvilar eg på. Iallefall om ikkje eg hadde vore med som hadde både vindsekk, ekstra ullskjorte og fleecejakke.
Etter litt historikk og informasjon om løypa gjekk starten på den 20. internasjonale styrkeprøven rett vest turen ganske nøyaktig 0800.
Det var berre å gje gass oppover mot gullfjellet. Innimeg sang eg bigbangs Fly like a butter fly osv...anar ikkje kva den egentlig handlar om, men den gjorde jobben som motivator. Dette var jo faktisk einaste delen av turen eg hadde noko som helst kjennskap til. Klarte å avansera ein del oppover mot toppen. Endeleg oppe vart ein møtt av norsk flagg i toppvarden og ein fotograf som tok bilde av alle deltakarane i det dei begynte nedturen. Og eg for min del var inne i ukjent terreng.
Det gjekk greit å finna vegen nedover mot Markjelsvatnet og vidare var det godt merkt til bratta ned sør for Markjelsfossen. Her var det lagt ut tau festa i boreboltar. To taulengder og ein måtte sørga for seg sjølv att. Eine tauet var dynamisk og det andre statisk. Litt artig å kjenna kor enorm forskjell det faktisk er på desse to tautypane...
Vidare bortover og opp ti Redningshytta, der gode sjeler hadde kokt litt varm saft, og eg kunne notera meg inn som nummer 50. Tidsmessig låg eg svært bra ann også.
Opp på Austefjellet gjekk det framleis med bra tempo, og eg hold plasseringa mi godt. Det gjore iallefall at moralen vart halden oppe.
Vidare over Slettegga og opp til Livarden begynte eg å skjønna at det kanskje kunne vore lurt å undersøkt ruta litt meir på førehand slik at eg visste kva som venta. Bakken opp mot Livarden vart lang, og godt og vel 3 timar etter start stod eg på toppen eit kvart sekund.
Mellom Slettegga og Livarden fekk eg eit par oppbyggande kommentarar frå storkjefta folk frå det store byen. Eine lurte på om eg hadde telt med meg. Vel. nesten. Ein annan gaulte du har for mykje mat med deg. Jaha. Og ka faen veit du om det? Poenget mitt e at om du ikkje har noko bedre å komma med så hold grisekjeften lukka.
Det var langt ned frå Livarden. Langt og ulendt. Og eg har slite med venstre ankel i lengre tid. Dette hjalp ikkje.
Nede på Unneland var det drikke frå Hansa (Olden pluss, eller noko slikt. Sportsdrikk greier. Sikkert gode greier). Tok mine to flasker og halsa vidare over til Bratland, der det er som namnet seier - bratt. Halvvegs oppe i bakken står det eit skilt om halvvegs. Då er ein halvvegs til Ulriken og halvvegs til mål. Eg hadde gått heile vegen til krampe. Altså: eg hadde 25 km att med krampe i beina.
Kava meg oppover til Ulriken - fann etterkvart ut at det kanskje var lurast å gå i mitt tempo lell, og heller ta mange pausar, enn å gå sakte steg. Det var lurt.
Turnerhytten på Ulriken: fruktsuppe og ny registrering. Rundt 20 stykk hadde passert meg sidan redningshytta. Eg måtte sei meg godt fornøyd med det. Krampen teken med i betraktningen.
Nedatt til Montana, som eg lærte at det heitte, Gjekk det forholdsvis greit. Det var no dei store vanskane med orientering begynte - å lura seg rundt i bygatene var faktisk det eg såg minst fram til. Men med hjelp av gule malte pilar i vegen fann eg greit fram.
Hang meg på ein halvgammal gubbe oppover mot Løvstakken. Det var lurt for han heldt eit fint temp. Men nesten på toppen var det heilt slut. Seigemenn gjer underverk og eg kreka meg nedatt til Melkeplassen. Måtte ha meg ein pause og to, og fekk spørsmål om eg var Ok. Med andre ord kan eg ikkje ha sett heilt OK ut. Uansett så trudde eg dei spurte ka klokka var, så sånn sett var eg kanskje ikkje heilt Ok heller.
På veg opp på Damsgårdsfjellet kom eg bak ein som sleit lika jækli med beina som meg. Det var faktisk jækli kjekt å sjå. Eg kunne definnitivt ikkje lengre synga fly like a butterfly, men eg gjekk no forbi han treigingen der :-)
Det var langt, jækli langt, å gå på asfalt ved Nygård/Lyngbø. Men deilig å veta at eg kom meg iallefall i mål, og det på ei nokonlunde akseptabel tid.
Opp til Lyderhorn gjekk det faktisk rimeleg greit, alt tatt i betraktning. Og for at turen ikkje skulle vera heilt mislykka som tur, så unna eg meg ein ti minuttar på toppen av Lyderhorn med litt seigemenn og ein bolle. Så fekk eg heller tapa nokre plasseringar og minutt på sluttida.
Greit nedatt til Kjøkkelvik skule. Bratt va da jo, og knea mine grein litt, men heilt greit.
Så vart eg registert inn på tida 10.21 og plass nummmer 78. Fekk kjøpt meg tskjorte eg kan bruke for å skryte litt. Da må te.
Veit ikkje om eg vert med på dette her fleire gonger. Ei grei måte å få gjort byfjella på var det iallefall.
Filene