Tre fjell med Kvam turlag
Kanskje den mest spektakulære turen i Kvam turlag sitt program dei siste åra skulle gjennomførast denne vermessig perfekte sundagen.
fakta
Dato
15.04.2007
Tid
8timar 10minutt
Avstand
26km
Høgde
1460m opp - 1610m ned
Rute
Jonshøgdi - Byrkjefjell - Såtedalen - Purkegjelet - Såta-Iendafjell - Gråurdskardet - Gråurdsvatnet - Fuglafjell - Myklavatn - Krok - Forsete - Sjusete
Bilder frå turen
Beskrivelse
Planen var å bestiga tre tindar på vegen mellom Jonshøgdi og Sjusete. Byrkjefjell, Såta-Iendafjell og Fuglafjell. Sistnemnde er også det høgste fjellet i Kvam. Turen er på omlag 25 kilomter, og innber rundt 1300 høgdemeter opp og omtrent det same ned.
Av turar i nærmiljøet er dette noko av det mest interessante som har stått på turprogrammet til Kvam turlag dei siste åra. Eg hadde sett meg ut denne turen allerede då turprogrammet var klart. Vergudane var absolutt på vår side denne sundagen, og formen var stigande etter ein periode med problem med bihuler og anna. Alt låg til rette for ein flott tur.
Etter oppmøte på bussholdeplassen i Norheimsund var det busstur til Wallemtunet på Kvamskogen. Litt trakking etter vegen før me fekk sett beina på skia, og trakka oss oppover bakkane. Lite snø nederst slik at det vart noko gåing over bare flekkar. Når me kom over tregrensa vart det betre med snøen og.
Fyrste toppen var Byrkjefjell. Har jo ikkje tidlegare klart å få til noko tur dit heller, så det var på tide. Grei topp med fin utsikt i grei kveldsturavstand. Vert nok besøkt igjen. På Byrkjefjell var det klart for turens fyrste pause. Godt med mat.
Såta-Iendafjell såg svært innbydande ut frå Byrkjefell. Med sine 1246 meter inneber turen endå litt motbakkar, men fyrst ei lita nedkøyring.
Fint også på Iendafjell. No var det også klart for turens beste nedoverbakke. Knappe trehundre høgdemeter til Gråurdskaret. Snøforholda kunne vore betre, og det kunne jammen skiformen også. Var mykje usikkre svingar nedover. Prestasjonsangsten kom jo også, sidan det var 20 andre som hadde sett det om eg tryna.
Frå Gråurdskaret er det greit terreng innover mot Gråurdvatnet. Interesant vegval opp mot Fuglen. Viste seg å vera greit å gå der.
På Fuglen var det svært kald trekk. Me sette oss derfor nede i nordsida like under toppen. Det var folksom på Fuglafjell denne dagen, då ei anna gruppe med entusiastar hadde teke turen opp også.
Etter å ha ete resten av nista, konstatert at drikkesystemet mest sansynleg hadde leke, for tomt var det, og begynt på reserveprovianten var eg svært klar for å gjera ein innsats i bakkane ned frå Fuglen. Drikkesystemet viste seg forøvrig å vera i orden, var nok berre ein dårleg påskrudd kork etter at eg hadde fyllt snø på tanken på Iendafjell. Fleece jakken og ei tskjorte var derfor klar for tørkestativet når eg kom heim. Godt det var slutt på oppoverbakkane. Hadde nok vorte tyrst elles. Nybegynnar feil.
Deilig snø ned den bratte sida frå Fuglafjell. Fekk sett fleire fine svingar, trur telemarksformen (i den grad det er telemark eg bedriv) kom seg veldig iløpet av turen. Videre nedover mot Myklavatn var det berre om å gjera å finna eit spor som gav minst mogleg motbakkar. Råten snø som raskt tok farten om ein ikkje kunne køyra i spora til nokon andre.
Liten stopp ved Myklavatnet mens me venta på resten av gjengen, og eg fekk fylt opp med seigedamer. Seigedamar kan absolutt anbefallast som turmat. Elle...mat og mat...
Turen over Myklavatnet er ikkje av dei mest spennande, sjølv om det er langt betre her om vinteren enn om sommaren. Om vinteren kan ein gå rett over, om sommaren må ein runda alle nes, og gå inn i alle viker.
Køyrde ned til Krok og vidare via Beindalen til Forsete og etter vegen derfrå mot Sjusete. Ved den øvste hytta var det slutt på snøen, og skia laut berast til Sjusete. Klarte sjølvsagt å planta eine skia i ein stein som stakk opp 100 meter før det var slutt på skituren, med ei lekker flenga i sålen som resultat. Flott avslutning.
Drosje frå Sjusete til Norheimsund. Vel heime kunne eg konstatera at straumen var vekke, og at eg derfor måtte venta nokre timar før det vart pizza på meg :-(
Flott tur blant kanskje det beste Kvam har å by på av fjell. Og det beste veret Kvam kan by på. Blir vel ikkje so mykje betre enn det.
Filene