Tindefjella! Kåpa! Josten! Krem!


So var det klart for ein langtur att. Nok ein gong i regi av Bergen Turlag si fjellsportgruppe. Denne gongen skulle josten gåast på langs. Skikkeleg på langs. Men det var berre halvparten.


fakta

Dato
01.06.2011 - 05.06.2011

Tid
4 dagar
Avstand
90km
Høgde
4600m opp - 4350m ned

Rute
Loen - Skåla - Tindefjellbreen - Tomrefjellet - Strupebreen - Lodalskåpa - Ståleskaret - Brenibba - Høgste Breakulen - Ramnane - Bings gryte - Marabreen - Lundeskaret - Lunde

Bilder frå turen

Beskrivelse

Dag 0: Onsdag
Litt etter planen var me klare for den korte turen opp til Tjugen seter. 4-500 høgdemeter det skulle bli godt å sleppe dagen etter. Skåla har tross alt vel 1800 høgdemeter å by på.

På leirplassen var telta nesten komme opp, og ikkje lenge etter kunne eg entre eine teltet i lag med Erik og Erik. To eg har vore på fjellsporttur med før. Det vart til at eg plaga dei resten av turen og.

Dag 1: Torsdag
Start skulle vera klokka åtte neste dag. Me var tydelegvis ein svært turklar gjeng, for like over halvåtte var heile gjengen klar til avgang. At 13 stykker er klar før avtalt tid må vera sjelden.

Stien oppover mot Skåla er ganske god, og etter elvepasseringa på 600moh minnar den meir omm ein veg enn ein sti.

Like under 900moh fekk me endeleg ski på beina. Det var jo trossalt skitur me var på, og det føles betre å ha ski på beina enn å ski på sekken. Sjølv om dei seier at ein kilo på beina er det same som 5 kilo på ryggen.

Til tider veldig flott utsikt nedover mot Loen og utover fjorden. Nok av skyer, dessverre, og mens me kom nærare Skåla kom me også nærare dei lågaste skyene. Og dessverre gjekk me litt før Skålatårnet inn i eit døgn med ganske tjukk skodde.

I Skålatårnet naut me litt niste og kokte oss noko varmt å drikke. Absolutt eit artig byggverk. To avbraut turen her, så me vart då 11 som fortsett utover toppeggen på Skåla.

Som GPS sporet viser vart det ein del kryssing, sikta var elendig og det var ingen misunnelse retta mot dei som køyrde fyrst. Vanskeleg å køyra på ski når alt er kvitt og du ikkje veit om det går opp eller ned før etter at du har køyrd forbi. Men me kom oss velberga ned på Skålabreen etter tung GPS navigering frå Petter og med Erik som prøvekanin i front.

Me passerte Tindefjella utan å sjå noko til dei. Sjølv om det gir ein god unnskyldning for å komma tilbake, så var det synd. Overnatting vart vurdert på den flate trekanten på ca 1800 meter, men det blas for mykje, dessutan var det ikkje etter turleiar Petter sin plan. Derfor vart et nokre kilometer til og leir på Tindefjellsbreen, etter å ha traversert ei fjellside me etter sigande bør vera glade for at me slapp å sjå kor lang å bratt var.

Dag 2: Fredag
Det regna og blas heile natta, så sjølv om søvnen burde vera sikra etter ei lang dags ferd så vart det ikkje mi beste natt. Men klare for ein ny dag var me. Det måtte me.

Tok oss vidare nesten opp på Tomrefjellet, framleis i tåka, så GPSen til Petter var meir utafor jakkelomma enn inni. Frå Tomrefjellet gjekk me på kanten av stupet mot Vetledalsseter og Erdalen, men det såg me ikkje noko til.

Opp på ein berykta skavel på 1920moh. Det viste seg at i år var ikkje skavelen mykje å bekymra seg for, men me fekk no prøvd oss litt i tau og stegjern. Dette var jo trossalt ein fjellsporttur.

Vidare gjekk me på ei hylle over Kåpevatnet til Strupebreen. Og jammen letta ikkje skodda litt slik at me fekk sjå litt av Lodalskåpa og Kåpevatnet. Utruleg kor lite sikt som skal til for å gleda eit turlag som har gått eit døgn i ei heilt kvit verd.

Skapleg lunsj på Strupebreen, med utgreven benk og all slags luksus.

So var det bratt oppover mot Lodalskåpa. Like under det som må bli austeggen på Kåpa skulle me bratt nedover. Tauet måtte fram att og sekkane vart firte ned og me klauv etter. Slikt tek lang tid, men heldigvis fekk me her, so langt, det beste veret. Tåka letta og me hadde kjempeutsikt mot Småttene, Brenibba og store delar av austeggen på Lodalskåpa.

Etter at fjellsportaktiviteten var ferdig og alle trygt nede gjekk turen opp i skaret mellom Vetlekåpa og sjølvaste Lodalskåpa. Her lot me sekkane ligga, svingte 180grader og gjekk tilbake på andre sida av Lodalskåpa for å gå opp det som er vanlegaste vegeen. Det viste seg å vera uvanleg dårlege forhold her, så turen gjekk tilbake for å hente stegjern og isøks, mens Petter og Stig Anton hakka trinn til oss andre.

Tau vart lagt ut og alle 11 kom seg på toppen men fekk berre små glimt av utsikta, men det er likevel gromt å ha vore der.

Vidare gjekk turen over veslekåpa og tidvis relativt(sett i forhold til tidlegare på turen) morro skikøyring til Ståleskardet der me skulle tilbringe natta, som no var rett rundt hjørnet.

Dag 3: Laurdag
Endeleg skulle det bli ei god natts søvn. Så etter at Real"en var godt nede i magen og alt som skulle ut var ute, la me oss til å sove. Utpå natta vakna me av teltduk og stenger heilt nede i fjeset. Det hadde blese opp, teltet stod feil veg iforhold til vinden, og me hadde ingen levegg. Teltstengene fekk ei ny, ikkje-optimal bøy (180grader den siste meteren er berre feil). Erik R tok ansvar og tok turen ut for å prøva å stramma opp ting, og ei stang og to som hadde glidd fråkvarandre vart hekta i hop att.

Men det gjekk bra, sjølv om det føltes som me låg litt tynt an ei stund.

Frokost ala stridsrasjon og klar for avgang klokka åtte. Me var litt tidleg ute, sidan me kanskje måtte rette litt på nokre stenger så det vart nokre kalde minutt i natostilling.

Frå Ståleskardet gjekk turen i sørover i retning Brenibba. I turens verste drittver. Litt antydning til mytteri, men Petter held seg til planen, og den sa at Brenibba skulle besøkast. Eg kunne godt tenkt meg å sleppa turen opp, på det tidspunktet, men då me stod på toppen fekk eg likevel den tilfrestillande følelsen det er å nå toppen. Det er jo _egentlig_ totalt bortkasta å tvinge seg opp på ein fjelltopp i tjukk skodde, vind og regn, men likevel føles det heilt rett. Då me kom opp.

Frå Nibba gjekk turen vidare i skodde og regn mot Høgste breakulen. Veret såg etterkvarft ut til å letta litt, og då me tok lunsj sør for Kjendalskruna, der stigning til Høgste byrjar så såg det for alvor ut til at sola hadde vunne.

Dette var dagen for dei lange distansane. 150 høgdemeter til Høgste breakulen frå Lunsj skulle ein tru var kjapt gjort på vestlandet, men på Jostedalsbreen betyr det for 4-5 kilometer å gå.

Fekk eit telt på sekken på Høgste og kjente det var forskjell på teltstenger og teltduk. Nord for Kvitekoll og opp på Ramnane. Nede i dumpa etter Ramnane trur eg fleire var klare for å ta kveld. Men det var ikkje det som stod i turplanen til Petter -  me skulle berre opp ein liten bakke så ned ein liten bakke. Det viste seg etterkvart at det likevel var snakk om sju kilometer til :-)

Bings gryte vart nådd på ein svært lite elegant måte sidan skiføret i bakken ned ikkje var my cup of tea.

Vindskeivt telt vart sett opp(denne gongen gjorde me ein god jobb - sette det opp mot vinden, bygde levegg og alt var på stell. At vinden snudde 180grader er ein annan sak). Real sin kylling i sursøt saus smaka godt.

Flinke folk hadde også her teke ansvar for å grava toalett. Veldig bra med ein skikkeleg do.

Dag 4: Søndag
Morgonen starta som kvelden slutta med nydeleg ver. Ein kald vind var einaste å klaga over. Axa sin havregraut med blåbær (og varmt vatn) vart frukost i dag. Funka bra det.

Søndagen hadde eg på følelsen skulle vera sjarmøretappen. Me heldt høgden vestover breen med eit fantastisk fjellandskap i alle retningar. Me fekk etterkvart synet av Kjøsnesfjorden og fekk samstundes for alvor følelsen av at me skulle bratt nedover.

Utsikta var upåklageleg.

Nedover Marabreen var det fantastisk skiføre. Sjølv med telt på ryggen føltes kvar einaste sving bombesikker. Det var so bra at eg ei stund hadde frysningar på ryggen. Ein god følelse, den følelsen. Kanskje litt "nerd" å få gåsehud av godt skiføre men...

Litt småmorro vart det vidare også ned frå Marabreen til Trollavatnet, derfrå litt småkupert men framleis på ski til Lundeskaret.

Lunsj i Lundeskaret mens Petter veksla mellom å fortelja kor bratt snørenna me skulle ned var lengre nede, og at den vart ikkje brattar enn det me såg.

Stegjern. Isøks. Ski på sekken. Rekna med det vart venting så eg kledde på meg litt ekstra. Det skulle eg aldri ha gjort. Det er lenge sidan låra mine har brent slik som etter sidelengs gange nedover her. 599 høgdemeter og opptil 45 grader bratt.  Godt å komma ned og få av dei #¤"# stegjerna.

God sti vidare nedover til riksvegen. Eg lot resten av turlaget gå i forvegen, for eg hadde viktige forretningar på gang.

Vel nede på Lunde turiststasjon vart det klesskifte og vel to timar venting på at bilar skulle fraktast tilbake frå Loen. Timane vart slegne i hel med brus, is og gode historiar frå Petter.

Elles
Utstyr: Hadde med meg for mykje. Hadde vintersovepose og den var for varm. Låg "naken" og måtte framleis opna opp mykje. Hadde også fleire skifte enn eg trengde. Hadde også for mykje mat med meg. Eg telte kaloriar men det gjekk rett og slett ikkje so mykje. Eg åt mindre mat enn eg pleier på tur, men sjølv med normalt inntak hadde eg nok godt i overkant.

Med ganske nye skisko hadde eg forventa heller dårlege bein, men det gjekk utan ei einaste blemme. Forøvrig svært nødg med teleskopstavane, som sparte tungt lasta skuldrar for ein del løft.

Hadde Olympus mju Though med meg på turen, og i ettertid skulle eg gjerne gitt bytta soveposen mot ein lettar ein og heller bært på speglrefleksen. Hadde det ikkje vore for at det kosta sopass mange kronene skulle eg jaggu testa kor tøft det egentlig er. Beklagar derfor bildekvaliteten. Noko kunne sikkert vore gjort med etterbehandling. Det får bli i mitt neste liv.


Imponerande innsats av oss alle!

Takk for fine dagar i lag! Og spesielt takk til Petter for turleiing, motivasjon og alltid ein historie på lager. Og til Stig Anton som fekk oss trygt opp og ned der det var nødvendig.

Kremtur? Definnitivt kremtur.





Filene

Gpslogg
20110602-20110605-Kremtur.gdb
Gpslogg
20110602-20110605-Kremtur.csv
Gpslogg
20110602-20110605-Kremtur.gpx





blog comments powered by Disqus
 
http://www.virtualgraphic.it/Scarpe-Hogan-Outlet-Online/ http://www.caselle-lurani.it/Scarpe-Hogan-online/ http://www.barcho.it/Scarpe-Hogan-Scontate/ http://www.public-theology.de/Hollister-Berlin-Deutschland-Outlet/ Hogan Outlet Scarpe Hogan online Scarpe Hogan Scontate Hollister Deutschland
christian louboutin replica louboutin replica louboutin replica nfl jerseys china replica louis vuitton replica louis vuitton fake ray bans cheap jerseys louboutin replica louis vuitton outlet louis vuitton official website cheap jerseys louis vuitton outlet replica louis vuitton louis vuitton outlet louis vuitton outlet cheap louis vuitton louis vuitton outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet replica louis vuitton fake ray bans
Chrisitan Louboutin DiscountChrisitan Louboutin SaleCheap Chrisitan LouboutinCheap True Religion JeansTrue Religion Jeans OutletChristian Louboutin OutletChristian Louboutin DiscountCheap True Religion JeansTrue Religion Jeans OutletMichael Kors Handbags OutletMichael Kors Factory OutletCheap Gucci BeltsGucci Outlet OnlineTory Burch Flats SaleTory Burch Outlet OnlineOakley SonnenbrilleOakley BrillenRay Ban Sonnenbrille DamenRay Ban Online ShopHermes OutletHermes Bags Outlethttp://www.hermessoutlet.com/Hermes OutletHermes Bag Outlethttp://www.hermesioutlet.com/True Religion UkTrue Religion Outlethttp://www.truereligionukoutlet.co.uk/Moncler OutletMoncler Outlet Onlinehttp://www.monclersoutlet2014.com/
Cheap Jordans Jordans Free Shipping Air Jordan Retro cheap jordans free shipping
Cheap Jordans Jordans For Cheap Cheap Jordans For Men Jordans Free Shipping
cheap jordans Occhiali Gucci louis vuitton handtaschen louis vuitton tasche hermes handtaschen hermes tasche