Såta - Breidarusti
Lang periode utan noko særleg fjellaktivitet. No måtte da bli tur. So itte at middagen var vel nede i magen, stakk eg på Kvamskogen.
fakta
Dato
07.03.2007
Tid
1time og 40 minutt
Avstand
12km
Høgde
580m opp - 550m ned
Rute
Mødalsvegen - Mødal - Svartatjødni - Såta - Breidarusti - Mødalsvegen
Bilder frå turen
Beskrivelse
Parkerte ved Mødalsvegen, på ein eller annan sin parkeringsplass. Gjekk hundre meter på vegen før eg kom opp i skisporet.
Føret var ikkje av det enklaste, med stadig meir frosen sløsj, men med litt universalklister på boks under skia hang dei nok til at humøret ikkje vart so alt for dårleg.
Skubba meg opp til Negerlandsbyen/Mødalen og vidare til Svartatjødni. Her var det slutt på oppkøyrde spor, og starten på dei lengste og brattaste bakkane på turen. Opp til Såta var det eit skikkeleg møkkaføre. Det hadde komme litt nysnø dagen før, med ein god porsjon regn oppå. Sviktande skare og an faenskap med andre ord.
Ti minutt seinare kunne eg nyte utsikta utover fjorden og fjedli i Kvinnherad. Det er ganske fin utsikt på Såta.
Spennande nedatt i dumpa før ein går opp til Breidarusti. Skaren holdt...av og til.
Litt usikker på rasfare og sånt, for det er faktisk ganske bratt opp skråninga til Breidarusit, og det hadde gått nokre småras rundt der eg gjekk, men tok sjansen. Eg var ikkje fyrstemann.
Breidarusti byr og på fin utsikt mot fjella på nordsida av Kvamskogen. Og på ein kveld med kveldskøyring i Eikedalen, som denne kvelden, lyser flombelysninga godt opp under Grøet.
Turen nedatt gjekk fint, eit par fall, men mann og kamera forblei like heile. Heldigvis. Gpsen målte 40 kilometer nedover Breidarusti, noko som er brukbart med tanke på usikker skare og etterkvart dårleg sikt pga. mørke.
Tenkte alt skulle bli enkelt når eg kom i oppkøyrd spor, men oppkøyrd spor var det egentlig ikkje - iallefall ikkje itte siste snøfall. Litt slitsomt i mørket, men det gjekk greit.
Deilig å komma seg til fjells att, og ein fin tur i skumringa.
Filene