Bakka - Jordalen via Lyngskåri og Bakkanosi


Denne grå og kjølige sundagen i sist i september gjekk turen til Rimstigen for meg og Magnar. Men me hadde større planar.


fakta

Dato
30.09.2007

Tid
5 timar og 50 minutt
Avstand
16km
Høgde
1500m opp - 1000m ned

Rute
Bakka - Rimstigen - Lyngskaret - Bakkanosi - Lyngskaret - Slettedalen - Jordalen

Bilder frå turen

Beskrivelse
I åravis hadde me høyrt om Lyngskåri. Bestefar hadde gått der ein gong på veg heim frå Storskredbotn etter å ha leita etter geiter. Bror hans hadde også gått der for lenge sidan. Fleire hadde me vel egentlig ikkje høyrt om som hadde teke turen opp frå Rimstigen til Lyngskardet denne vegen. Me ville. Me hadde villa i mange år.

Sjølv om det nok ikkje var eit offesielt uttalt mål før turen, Lyngskåri har sidan starten hatt eit skummelt rykte blandt dei meir nervøse i familien, var det det som var målet.

Det skumle ryktet fekk ekstra tyngde frå han som hadde vore på tur der som liten saman med far sin, der faren hadde flaks som ikkje for utfor i det sekken kom over hovudet hans når han bøyde seg litt fram.

So mens nokon gjekk til Kyrkje, gjekk me utover langs fjorden og opp mot Rimstigen. Fint å gå på denne tida av året, og herlige fargar i skogen. Einaste som bekymra var truande tunge skyer over hovuda våre.

Oppe i Rimstigen vart det tekne nokre bilder for å ha å "gå etter" når me kom lengre opp. Me pekte og såg oss ut ei rute til topps som burde fungere.

Fulgte stølsvegen innover mot Skarsbakkane. Tok relativt tidleg i bakkane av frå stien og begynte å kryssa over den breie ras-bakken her ved foten av Skarsnosi. Det viste seg snart at me burde teke av før. Høge vekster gjorde det veldig vanskeleg å gå. Anbefalar derfor å enten gå høgare oppe, eller helst lengre nede. Følg bekken frå Rimstigvatnet innover til det kjem ein liten bekk(eventuelt eit lite bekkefar) ned, og følg dette bekkefaret oppover.

På eit tidspunkt må du over bekken, ikkje for å henta vatn, men for å komma opp. Du er vel då ved det verste punktet på turen. Ikkje at det er så gale, under normale forhold, iallefall. Over bekken, og opp på ein liten grasbakke og etterkvart veldig laus ur. Best å vera forsiktig så ikkje nestemann får stein i hovudet.

Vidare sa egentlig vegen vidare seg sjølv, ein fylgjer ein lita hylle mot søraust, svingar litt meir sør og kjem på "trygg grunn" og er då i Lyngskardet.

Vegen vidare til Bakkanosi går den vanlege vegen. Nord for det vetle vatnet. og austover opp ein steinrøys opp på ryggen til Bakkanosi. Meir eller mindre over punkt 1389 så er det ein liten nedoverbakke før dei siste høgdemetrane opp til sjølve toppen på Bakkanosi står att. Finast utsikt tykkjer eg ein får på den sørlege nosi, men begge er verdt eit besøk. Pass på å ikkje gå for langt utpå skavlane her tidleg på året. Skavlar som brekker her endar i nokre snøras nede ved fjorden (inste og yste Tånao). Du overlever neppe 1398 høgdemeter..

Me tok oss ut til begge nåsene, kipsa litt bilder, ringte familie og vener og fortalde om bragda vår, og bestillte skyss til Jordalen. Det var nemleg begynt å drypa litt, og me var ikkje veldig gira på å ta oss nedatt Lyngskåri med vått underlag.

Vart litt småspringing nedover Slettedalen og me unngjekk å verta so altfor blaute, sjølv om regnet kom med litt større dråpar etterkvart.

Ein tur som var etterlengta å få gjennomført. Derfor føltes det ekstra godt å stå på Bakkanosi denne dagen. Som om ikkje ein flott hausttur er nok i seg sjølv. Og Magnar var jo ikkje vanskeleg å be, som vanleg. Takk for selskapet...

På bilete under er ruta omtrentleg innteikna.





Filene

GPSlogg
20070930 - Bakka-Bakkanosi.gdb
GPSlogg
20070930 - Bakka-Bakkanosi.csv





blog comments powered by Disqus