Siste streikevakt - Fotasperrnuten/1194
Etter alt å døma vart dette siste streikedag og den måtte utnyttast til noko fornuftig. Og kva er vel meir fornuftig enn å ta ein tur på Fotasperrnuten midt i arbeidstida?
fakta
Dato
09.06.2010
Tid
3 timar og 30 minutt
Avstand
26km
Høgde
1150m opp - 1150m ned
Rute
Liabrekka - Ungdomsheimen - Steinskvandalen, Nedre - Fotasperrnuten
Bilder frå turen
Beskrivelse
For å gjera noko litt ekstra ut av det starta turen på sykkel frå Liabrekka. Tanken var altså å gjennomføra turen utan bilassistanse. Ei slags førebuing til ei framtid der ein slik tur (med bil) vil kosta meg 40-80 kroner i bompengar. Frå ca midten av august vert det mest velfungerande veganlegget i nærleiken ein bomstasjon nokre hundre meter oppover fylkesveg 7 i retning Kvamskogen.
Iallefall.
Trakka meg oppover Tokagjel, og det gjekk vel greit. Utan pausar nådde eg toppen av gjelet og kunne fornøyd trakka meg innover flatane mot Ungdomsheimen. Ein kan forøvrig sykla utanfor tunellane bortsett frå den siste som ein må inni, om ein ikkje har over gjennomsnittet interesse for svære steinar som har/kjem til å dette ned i vegbana.
Ved Ungdomsheimen vart det raskt slutt på "kvilinga". Grusvegen byrja, og det går bratt oppover. Litt for bratt for ein som ikkje nett er veldig sykkeltrent. Vart mykje trakking på beina med andre ord.
Oppe på kanten var det berre å plassera rompa på sykkelsetet att og trilla nedover før ein nok ein gong skulle opp ei lita kneik. Denne var derimot overkommeleg, sjølv for Tokagjelmøre bein.
I Steinskvandalen klarte eg å gjera dagens fyrste tabbe når eg starta turen på feil side av elva frå øvre kvandalen. Etter å trakka litt oppover så kom eg vel på at her har eg vore før, har altså gjort same tabben tidlegare. Flott det. Mykje vatn i desse smeltetider, og berre småsko på beina og ei relativt lita interesse for å kjenna på badeteperaturen - det var altså berre å ta turen nedatt og gå over brua.
Med sterkt gummierte bein etter sykkelturen var ikkje dette det beste for moralen. Men opp skal ein jo. Må. Skal...
Fotasperrnuten er relativt greit å finna fram. Det er grei sti å fylgja nederst (tydeleg at fleire går her no, enn på min fyrste tur opp hit - noko som ikkje er spesielt for Fotasperrnuten). Stien startar på venstre side av elvegjelet frå Fotasperrdalen. Etterkvart vert stien utydeleg med nokon har merka litt med raudt, og sett opp nokre vardar. Det er berre å fylgja med. Og bruka litt logisk sans. Du skal alltid oppover. Faktisk 700 høgdemeter på rundt 2800 lengdemeter. Du skal fyrst opp litt til venstre for det du trur er topp-punktet sett frå Steinskvandalen, så tek ein seg over meir på høgresida av eggen. Når du trur du er oppe så fylgjer ein ryggen greit til toppen.
Toppen byr på flott utsikt i dei fleste retningar med Fuglafjell som stor og massiv nabo i nord, er sjølvsagt utsikta den vegen begrensa - men du ser fuglen, det er utsikt det og.
Nedatt gjekk eg same veg. Ungar skulle hentast og kåna skulle ha middag. Er ikkje berreberre å streika.
Gummibeina vart vel egentlig aldri heilt goe, så det gjekk litt tregt nedover, derfor var det heilt greit å setja seg på sykkelen og trakka seg nedover att. Køyrde inni vegtunellane nedatt. Heldt antageleg grei fart sidan ingen bilar tok meg att.
Fin tur, Fotasperrnuten kan anbefalast den og. Ser ut som eg treng litt trening på å skifta mellom sykkel og fottur. Kroppen var ikkje heilt klar for å gå etter å ha sykla sopass mykje motbakkar.
Filene
| GPSlogg 20100609 - Fotasperrnuten.gdb | GPSlogg 20100609 - Fotasperrnuten.csv |