Ny bru i Rimstigen


Me flytta til Bakka for helga, og på laurdagen var det klart for litt dugnadsarbeid i Rimstigen. Ei bru var teke av elva i vinter/vår og måtte på plass att.


fakta

Dato
05.06.2010

Tid
7 timar
Avstand
8km
Høgde
780m opp - 780m ned

Rute
Bakka - Rimstigen

Bilder frå turen

Beskrivelse
Rundt ti var det klart for avgang, Jarand på ryggen, og med eitt spett i neven bar det oppover. Heldigvis gjekk Jarand litt sjølv, jækli bratt oppover (stien tek oss frå 0 til 700moh på 2 kilometer).

Vart unormalt mykje pausar oppover, men det skuldast nok nær tjue kilo på ryggen.

Vel oppe så fann me att "brua", henslengt på eine sida av elva, berre flaks at den ikkje var frakta mykje lengre vekk enn den var. Brua i denne samanhengen består av to gamle straumstolpar. I tillegg er det nokre flak som skal leggast over som vert tekne av kvar haust.

Etter fyrst å ha fått stolpane nokolunde på rett plass løfta me dei ein god halv halvmeter opp i forhold til tidlegare. Får håpa det hjelper på i neste vårløysing.

Turen nedatt gjekk noko raskare enn turen opp, og med ei sparsommeleg nista var det godt å komma heim til hytta og få seg litt mat.





Filene

GPSlogg
20100605 - Rimstigen.csv
GPSlogg
20100605 - Rimstigen.csv





blog comments powered by Disqus