Torefjell/1060
Det var fredag, og framleis streik. Kva anna skal ein arbeidslaus stakkar gjera enn å stikka til fjells?
fakta
Dato
04.06.2010
Tid
1 time og 20 minutt
Avstand
8km
Høgde
730m opp - 730m ned
Rute
Sjusete - Torefjellsflyane - Torefjell - Forsete - Sjusete
Bilder frå turen
Beskrivelse
Det vart kortaste vegen frå barnehagen til Sjusete og lett jogging innover mot Torefjellsflyane. Nydeleg ver, og framleis ikkje steikande heitt sopass tidleg på morgonen.
Etter rundt tre kvarter var eg på toppen. Klarte å spjæra shortsen dar eg gjekk lange steg for å spara på skona. Ikkje mykje te sparing.
Flott utsikt som vanleg :-)
Ingen tid å mista. Travelt å vera arbeidslaus. Streikemiddagen på kinarestaranten i Grova venta. Eg sprang nedatt den mest vanlege vegen. Folk og erosjon har gjort stien til ei djup grøft mange stader.
So var det heim å finna dusjen.
Filene
| GPSlogg 20100604 - Torefjell.csv | GPSlogg 20100604 - Torefjell.gdb |