Vindig kveldstur på Tørvikenuten/1028
Ein ledig tysdagskveld måtte brukast til fjelltur. Tørvikenuten vart hovudmål, med Vesoldo som eit lite tillegg.
fakta
Dato
01.06.2010
Tid
To og ein halv time
Avstand
11km
Høgde
750m opp - 750m ned
Rute
Ryssing - Skårsete - Tjørnanutane - Tørvikenuten
Bilder frå turen
Beskrivelse
Kom eg litt seint avgårde, og når eg i tillegg måtte rota litt rundt på Augastad for å finna vegen til Ryssing så kom eg meg endå seinare avgårde. Måtte synka so lavt at eg måtte spørja om vegen...
Vegen til Ryssing startar i enden på Augastadvegen - den går tett inntil ein våningshus, og det føltes ikkje opplagt at ein skulle køyra der. Vegen er bomveg, og prisen var 30kr. Om ein har lyst på litt vegvandring så er det gode parkeringsmoglegheiter ved bommen, og det er berre knappe tre kilometer opp.
Frå Ryssing går stien tilbake nesten motsett veg av bilvegen, altså "utover fjorden". Tydeleg og god sti i starten, og den er vel egentlig tydeleg heile vegen til Skårsete. Eg klarte likevel å ta feil ein stad litt før halvveges og fulgte ein bekkedal i feil retning. Alltid morro når ein har dårleg tid.
Men eg kom meg til Skårsete. Fin plass med fantastisk utsik utover og innover Hardangerfjorden. Byrja etterkvart å merka for alvor at vinden tok hardare her ute enn inne i beskytta Steinsdalen. Heldigvis hadde eg med meg jakke og bukse, for shorts og ulltskjorte vart for lite.
Ved Skårsete fulgte eg ryggen oppover like før bekken som renn ned ved Skårsete, og fann etterkvart ei varderekke som var nokolunde stabil oppover mot Tjørnanutane og vidare opp på Tørvikenuten.
Vel oppe så droppa eg definnitivt alle tankar om Vesoldo, og naut heller utsikta frå der eg var. Upåklageleg i alle retningar, berre den 20 meter høgare Vesoldo begrensa utsikta litt nordvestover.
Spesielt vil eg denne kvelden trekka fram utsikta utover mot fjella i Kvinherad snødekte, og med kveldens siste solstrålar på seg stupande ned i fjorden. Klisje, ja. Men det er derfor eg elskar vestlandet.
Valgte å ta nær same vegen nedatt - berre at eg hold meg litt lengre vest. Hold litt lengre vest litt for lenge, for plutseleg var eg langt vest for Skårsete. Trakka meg på tvers igjennom ein masse lave busker med nåler som sette seg godt fast i sokkar og sko. Deilig. Not.
Frå Skårsete fann eg utan problem vegen nedatt. Skulle vel berre mangla.
Tørvikenuten kan anbefallast.
Filene
| Gpslogg 20100601 - Tørvikenuten.gdb | Gpslogg 20100601 - Tørvikenuten.csv |