Streikevakt på Torefjell/1060
Eg var teken ut i streik, så etter nokre timar streikevakt framfor rådhuset i Kvam og streikemiddag på Kinarestauranten i grova stakk eg til fjells før eg skulle henta ungane i barnehagen.
fakta
Dato
28.05.2010
Tid
1 time og 35 minutt
Avstand
8km
Høgde
740m opp - 740m ned
Rute
Sjusete - Torefjellsflyane - Torefjell - Krok - Sjusete
Bilder frå turen
Beskrivelse
Kvart over to var eg klar for avgang frå parkeringsplassen på Sjusete. Som vanleg gjekk eg til Torefjellsflyane fyrst. Fristar somregel fordi det er kortaste etappen på veg.
Fint og varmt ver, så det vart ein liten stopp i bekken for å fylla drikkepåsen, som kom godt med på vegen oppover.
På toppen naut eg utsikta ei lita stund - endå mykje snø att bak Torefjell mot Fuglafjell. Vel oppe visste eg at eg var passert nok ein milepel i fjell-kjell.com historien. 100 000 publiserte høgdemeter. Trur det kjem til å ta kortare tid før neste 100 000 vert passert.
Tok vegen om Krok på veg nedatt - ein fin variasjon på turen.
Etter vel halvannantime tørka eg av meg verste svetten og køyrde for å plukka opp dei søte små på vegen heimatt.
Filene
| GPSlogg 20100528 - Torefjell.csv | GPSlogg 20100528 - Torefjell.gdb |