Kaldt, men fager kveldssol på Byrkjefjell/1046


Kjapp kveldstur på Byrkjefjell. Ein fin kveld på tur til ein topp med fin utsikt.


fakta

Dato
27.05.2010

Tid
1 time og 15 minutt
Avstand
7km
Høgde
600m opp - 600m ned

Rute
Jonshøgdi - Byrkjefjell

Bilder frå turen

Beskrivelse
Klokka vart nesten ni før eg sette frå meg bilen ved Wallemtunet, så det var berre å komma seg avgårde. Og setja fart oppover.

Myrene over dei siste hyttene var blaute av regnet i natt så skoa mine vart våte frå starten av. Bilen viste ni grader når eg parkerte og det var iallefall ikkje meir. Kjentes iallefall ikkje sånn ut i shorts og ull-t-skjorte.

Av ein eller annan grunn pleier eg å få sola rett i augene når eg kjem opp på kanten over skoggrensa.  Kan vel bety at eg har ein tendens til å gå turane på Byrkjefjell seint på kvelden.

Kom etterkvart på at det faktisk er jækla bratt oppover fjellsida mot fortoppen (ca. 950moh). Dagsformen var nok ikkje den beste. Klarte likevel å kreka meg opp til toppvarden på 1046moh på rundt tre kvarter. Godt å stå der å nyta utsikten nokre minutt. Fjella i Kvinherad har eg sjelden sett ta seg så bra ut. Dei må få eit besøk i sommmar.

På toppen kan ein nyta utsikta mot Tveitakvitingen, Iendafjellet/Såta, Fuglafjell og Fotasperrnuten. Dei tre siste ligg som ein hestesko rundt Steinskvandalen. Ein får og eit panorama mot Folgefonna, og som sagt mot dei pene fjella i Kvinherad, bla. Gygrastolen.

Etter eit ullskjorteskifte var det ikkje anna å gjera enn å setja fart nedatt. På veg opp la eg merke til at snøen hadde skare ganske langt nedover. På veg fekk derfor leggane derfor ei ufin behandling.

Den ufine behandlinga av leggane fortsette nede i småbjørkeskogen. Ikkje noko godt.

So etter ein knapp halvtime kunne eg setja meg i bilen att og fresa heim. Ein fin kveldstur.

Og med denne turen passerte eg 2000 publiserte kilometer på fjell-kjell.com. Det vart feira med ein kroneis når eg kom heim.





Filene

GPSlogg
20100527 - Byrkjefjell.gdb
GPSlogg
20100527 - Byrkjefjell.csv





blog comments powered by Disqus