Lange skyggar på Solhellanuten/908


Ungane var i seng men kvelden var endå ung. Lyset varar leeenge no på denne tida. Så etter dørstokkmila var det Solhellanuten som vart målet.


fakta

Dato
20.05.2010

Tid
1 time og 50 minutt
Avstand
12km
Høgde
860m opp - 860m ned

Rute
Liabrekka - Byrkjesete - Solhellanuten

Bilder frå turen

Beskrivelse
Ikkje mykje å sei om turen til Solhella denne torsdagskvelden. Det var passeleg varmt i skyggen, og sola var for alvor på veg ned så den varma heller ikkje meir enn at det gjekk greit å halda eit høgt tempo oppover.

Snøfritt nesten heile vegen, måtte over nokre fenner på flaten etter Dusgjel, men elles kunne snøen omgåast om ein er veldig redd for å trakka litt i det kvite.

Elles ser det ut som skiføret er brukande på "baksida". Om ein dreg skia oppover mot t.d Nipen så er det nok ikkje så mykje lengre å gå før ein kan ta på seg skia og gå oppover mot Sundvordalen. Såg ikkje ned i klypet men tippar at det der og er skiføre oppover. Myklavatn ser derimot ikkje ut som eit vatn eg ville bevega meg utpå lengre. Vil tru at det er greit skiføre utover ryggen frå Sundvordalsviki mot Fotasperrnuten. Elvane er generelt store no så dei kan lett verta eit problem.

Også mot Kvitingen ser er det greit skiføre endå, ser det ut til, både opp i Kjel og opp på Såte er det ganske kvitt.





Filene

Gpslogg
20100520 - Solhellanuten.csv
Gpslogg
20100520 - Solhellanuten.gdb





blog comments powered by Disqus