Torefjell/1060 - sessongopning på beina
Lenge sidan siste tur i høgden, så med blå himmel, 15 grader og sol låg alt til rette for ein flott tur til Torefjell.
fakta
Dato
15.05.2010
Tid
2 timar
Avstand
9km
Høgde
700m opp - 700m ned
Rute
Sjusete - Torefjellsflyane - Torefjell - Torefjellsflyane - Sjusete
Bilder frå turen
Beskrivelse
Endå er ikkje val av ting å ha på beina opplagt, men det fall på sko i dag, og det var nok rett. Det hadde vorte mykje bering. Sjølv om ein hadde nok hatt litt glede av skina og på veg nedatt.
Parkerte som vanleg på Sjusete og etter ein kort diskusjon med meg sjølv vart det til at eg gjekk til Torefjellsflyane fyrst. Det såg greit ut snømessig og. Frå flyane var det raskaste vegen opp til Hunden og derfrå vart det meir snøfonner. Tråkla meg oppover innom ein og annan bar flekk.
Tok meg opp på topplatået og fann ut at å gå til varden gadd eg ikkje i dag heller. Nett so vanleg.
Trakka litt rundt på toppen og tok bilder og spionerte på ein skiløpar som var på veg opp forbi Krok mot Kalderassen. Uten at eg fann ut kva planen var vidare. Litt misunneleg vart eg likevel. Når vakta er over så spørs det om eg ikkje dreg med meg skidna oppøve ein stad.
Nedatt i fullt tosprang. Snøspruten sto. Alltid ei blada glede å springa nedover med ei diger kameravekse på magen. Ho heng ikkje i ro, og treff ja...
Innom Norheimsund på veg heim for litt iseting med familien. Goodtimes.
Berre å gleda seg til nestegong.
Filene
| Gpslogg 20100515 - Torefjell.gdb | Gpslogg 20100515 - Torefjell.csv |