Med pulk frå Hamlagrøosen


Av og til berre må ein. Å køyra heile den lange vegen til Hamlagrø for å trakka nokre timar med pulk bak seg er vel egentlig ikkje so fornuftig.


fakta

Dato
04.03.2010

Tid
3 timar og 15 minutt
Avstand
8km
Høgde
150m opp - 150m ned

Rute
Hamlagrøosen - Lii

Bilder frå turen

Beskrivelse
Iallefall so køyrde me avgårde etter frukost og levering av elstemann i barnehagen. Kom derfor ikkje så tidleg i gong frå Hamlagrøosen, men det var vel likegreit, sidan det var minus 12 der me parkerte bilen.

Heldigvis skein sola, og det vart raskt varmare. Forøvrig jækli dårleg med parkeringsplassar ved Hamlagrøosen.

Eg har ikkje vore her sidan eg gjekk på ski over til Sjusete på ein smått håplaus tur med Kvam turlag. Turen skulle egentlig enda på Kvamskogen, men me gjekk oss vill på Myklavatn og avslutta på Sjusete i staden for. Då var det nesten mørkt.

Me koste oss innover, ein liten plan var det å komma oss til Vending, men det gjorde me ikkje, og gav oss ved Langagjelet og hadde kanskje gjort unna 2/3 av turen. Veldig fint terreng, og ypperleg for pulken var det også. Vert og gjort igjen ved eit seinare høve.

Strålande dag ute for oss som har permisjon, men litt langt å køyra.





Filene

GPSlogg
20100304 - hamlagrøosen.csv
GPSlogg
20100304 - Hamlagrøosen.gdb





blog comments powered by Disqus