Tveitakvitingen


Det var laurdag, og det var strålande ver. Tur måtte da bli. Og tu vart da. Itte litt fram og tebake vart dagens mål Tveitakvitingen, og eg angra ikkje på det.


fakta

Dato
10.02.2007

Tid
4 timar og 45 minutt
Avstand
13km
Høgde
630m opp - 560m ned

Rute
Ungdomsheimen - Mødal - Svartatjødni - Såta - Breidarusti - Ungdomsheimen

Bilder frå turen

Beskrivelse
Leika fyrst med tanken på ein runde i området bak Solhellanuten på rett side av Kvamskogen. Men vakt på jobb hindra meg i å ta den turen, då mobildekninga nok er heller dårleg.

Bestemte meg derfor for å ta turen til Tveitakvitingen, noko som under litt tvil skulle gå greit innanfor eksisterande avtale.

Kom meg relativt tidleg avgårde, iallefall i forhold til bergensarane som også var på tur. På Såta var det derfor berre ein fire-fem stykker framfor meg. Var derfor ein fredleg og roleg tur oppover. På toppen var det to stykker og altså relativt fredleg til å vera ein fin laurdag på Kvitingen.

Brukte litt over to og ein halv time opp. Tok ein del bilder, og åt det eg hadde av niste. Vindstille. Flott utsikt, sjølv om det var noko disig i retning havet.

Nedatt gjekk det fint. Har vort lite lange nedoverbakkar, så stilen var kanskje ikkje veldig fin. Tok ein omveg om Breidarusti, som var vel verdt turen. Litt over fire og ein halvtime etter start, kunne eg pakka skia i bilen.





Filene

Sporlogg - Tveitakvitingen
20070210 - tveitakvitingen.csv
Sporlogg - Tveitakvitingen
20070210 - tveitakvitingen.gpx
Sporlogg - Tveitakvitingen
20070210 - tveitakvitingen.gdb
Sporlogg - Tveitakvitingen
20070210 - tveitakvitingen.kml
Sporlogg - Tveitakvitingen
20070210 - tveitakvitingen.plt





blog comments powered by Disqus