Steinskvandalen
Laurdagen baud på eit litt meir blanda ver enn dagen før. Me tok likevel turen til Kvamskogen og gjekk ein runde i Steinskvandalen.
fakta
Dato
27.01.2007
Tid
4
Avstand
8km
Høgde
220m opp - 220m ned
Rute
Ungdomsheimen - Steinskvandalen, Nedre - Ungdomsheimen
Bilder frå turen
Beskrivelse
Også denne dagen aka Jarand seg gjennom Steinskvandalen utan å få med seg så mykje.
Han sovna på turen opp frå Ungdomsheimen, ein tur som er litt meir spennande i helgene enn tidleg ein fredag, takka vera ein stor mengde meir eller mindre erfarne skikøyrarar på veg ned skiløypa i staden for ned alpintraseen. Torer du ikkje køyra ned traseen til alpinanlegget har du kanskje ikkje noko der å gjera. Aktiven byr jo ikkje nett på dei største tekniske utfordringane heller, så det burde vera overkommeleg for dei fleste. Iallefall kunne me godt klart oss utan denne ekstra spenninga.
På veg rundt Timberhaugen stoppa me for å eta. Jarand kosa seg felt i snøen og fekk smaka kakao for fyrste gong, noko eg trur han sette pris på. Fekk og teke nokre fine bilder av den fine guten. Sjølvsagt kom sola fram akkurat når me hadde pause. Nett so fortjent.
Turen nedatt vart litt meir hasardiøs enn han burde. Overvurderte nok kantane på skia mine i tillegg til at traseen var glattpolert av alpinski. Farten vart derfor noko høg, iallefall for eit vogntog. Heldigvis tek Jarand fart og spenning med godt humør.
Ein fin måte å bruka laurdagen på.
Filene