Torefjell


Etter ein roleg familietur på i oppkøyrde løyper på Sjusete avslutta eg skidagen med ein tur mot Torefjell.


fakta

Dato
21.01.2007

Tid
2 timar
Avstand
5km
Høgde
700m opp - 0m ned

Rute
Sjusete - Forsete - Torefjell

Bilder frå turen

Beskrivelse
Starta frå skistadion med telemarkski og tunge stølvar og trakka meg oppover lia mot Torefjell. Hadde dårleg tid då svigermor allerie stod over grytene for å laga middag til oss på Holmefjord.

Fellene vart lagt på tidleg i fyrste bakken, då det er lite feste i usmurte ski. Deilig laussnø langs vegen til Forsete og vidare oppover eit stykke. Når eg kom på ca 700moh. vart snøen vekke og erstatta av eit hardt islag. Grunnen til dette kjente eg godt til. Det var berre å pakka seg godt inn i jakken og hetta, for vinden var bitande kald.

Tok litt bilder før eg returnerte same vegen som eg kom. Deilig å kjenna litt pudder under plankane att.

Fyrste tur på Torefjell i år vart altså ikkje heilt til topps. Men det spelar liten rolle når ein har fått ein fantastisk fin dag ute i snøen.





Filene

Sportlogg - Torefjell
20070121 - torefjell.csv
Sportlogg - Torefjell
20070121 - torefjell.gdb
Sportlogg - Torefjell
20070121 - torefjell.gpx
Sportlogg - Torefjell
20070121 - torefjell.kml





blog comments powered by Disqus