Velkomen

02.02.2006 - Kjell Inge Tufte Tyssen

Kva www.fjell-kjell.com er og ikkje er

www.fjell-kjell.com er meint å vera turdagboka til underteikna. Verken meir eller mindre. Her skal eg skryta uhemma av det eg finn på ute i terrenget, og eg har tenkt å bruka det for å hjelpa ein skrantande hukommelse. Kor kan eg i gårkveld ha vore? Det skal vera min database med gps-loggar og samling av mine favoritt turbilder. Dessutan er det kjekt å halda programeringskunnskapen vedlike.

Kva du brukar det til er opp til deg. Eg tek sjølvsagt ikkje ansvar for nokon av opplysningane eller gps-loggar eller liknande fører deg utfor stup på skoddefulle dagar. Pass på deg sjølv. Men blir du inspirert til å gå tur kanskje på nye plassar på grunn av fjell-kjell så er det flott det. Fortell meg gjerne om det :-) Treng du meir info om noko så skal du ikkje sjå bort frå at eg svarar på det, om eg kan.

Kjell Inge Tufte Tyssen
- www.fjell-kjell.com -
kityssen@gmail.com